Parkeringsplass på Rauset

Bilete av parkeringsplassen ved Rauset
Bilete av parkeringsplassen ved Rauset, Foto: Alf Erik Røyrvik

På Rauset held verneområdeforvaltninga på med bygging av ein parkeringsplass for dei som går på tur i området.

Det er mange som går på tur i området frå Rauset og opp mot Rausetstøylen og innover Hestedalen. På vårparten er det og veldig populært med skiturar til Morafta. Slik utfart kan skape utfordringar med parkering. Til dømes kan parkerte bilar stå i vegen for grunneigarane sitt arbeid med ved og tømmer.

Ved å bygge parkeringsplassar og skilte desse kan ein unngå at bilar vert feilparkert. På Rauset vart det meldt inn ynskje om dette frå grunneigar, og verneområdestyret tykte dette var eit godt tiltak.

Det er Bygdeservice som står for bygging av parkeringsplassen, på oppdrag for verneområdestyret.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:08.10.2015 Sist endret:12.10.2017)