Protokoll etter styremøte 5/12

Styret for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde hadde styremøte tysdag 21.08. Møtet vart halde på Skei.

Styret hadde fleire saker på agendaen, mellom anna bruk av midlar som styret har fått tildelt gjennom bestillingsdialogen og tiltaksmidlar. Det vart og orientert om tiltak og prosjekt no i 2012. Protokollen frå dette møtet, og dei andre møta i styret for verneområdet, finn du her.

Dersom Styret skal kunne få god nytte av dei midlane som vert tildelt til verneområdet frå sentrale myndigheiter, er det særs viktig at grunneigarar og brukarar er flinke til å melde inn behov og skrive gode søknader om midlar til tiltak.

 

Alf Erik Røyrvik (Publisert:27.08.2012 Sist endret:09.01.2013)