Protokoll og vedtak etter styremøte 1/13

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre hadde sitt første styremøte for året den 30.jan. Der vart det handsama mellom anna to klagesaker.

To av vedtaka som styret fatta på styremøte 7/12 (siste styremøtet i fjor) vart klaga på på slutten av fjoråret. Desse klagesakene var derfor begge på sakskartet igjen no på første styremøtet i 2013. I begge sakene vedtok styret å stå fast ved sine vedtak frå møte 7/12 i fjor, altso både løyvet til utviding av hytta i Langedalen i Gloppen, og løyve til oppkøyring av skiløype inn til Fosselvekråa i Vonamarka i Naustdal.

Begge sakene vert derfor sendt vidare til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Protokoll frå heile møtet finn de her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:11.02.2013 Sist endret:12.10.2017)