Sherpa-arbeidarar har starta på utbetring av stien langs Stegsvatnet

Fire Sherpa'ar frå Nepal skal denne veka jobbe med utbetring av stien langs Stegsvatnet.
(16.aug: Oppdatert med bilete av resultatet)

Både lokale folk og turlag har meldt inn til verneområdeforvaltninga at stien som går forbi Stegsvatnet er dårleg. Her er mykje ur og ein del stader ustabile masser som rasar ut. Denne stien er ein av dei mest brukte rutene for turfolk vi har i verneområdet, då den er den kortaste vegen inn til Indre Sunnfjord Turlag si hytte, Longevassbu. Og ikkje minst vert stien mykje brukt av dei som har beitedyr i denne delen av verneområdet.

Verneområdestyret har no hyra inn sherpa'ar frå Nepal som skal jobbe med stien. Dette er steinarbeidarar som har ein unik kombinasjon av fysiske ferdigheiter og kompetanse når det gjeld å jobbe med stein og sti. Vi gledar oss til å sjå resultatet når veka er omme!

 

Oppdatert (16.8):
Etter å ha jobba ei veke ved Stegsvatnet, har dei 4 sherpa'ane fått gjort mykje!
Dei har konsentrert seg om stien frå nausta og innover til om lag midt på vatnet. Langs vatnet har dei utbetra ei strekning på totalt om lag 600 m.

Første delen gjennom steinura har dei steinsatt betre, slik at her er mykje betre å gå. Stien der er no meir eller mindre hellelagt med enkelte "trappetrinn" der det trengs.
Sherpasti langs Stegsvatnet

Sherpasti langs Stegsvatnet

Lenger inne langs vatnet har dei utvida stien, og dessutan lagt inn steinheller og trappetrinn her og der. Langs heile denne delen er stien no omtrent 70 cm brei, og veldig god å gå på. Den delen er no so god at man vil kunne sykla lengs vatnet med terrengsykkel! Enkelte stader har dei og her lagt inn flate heller og trappetrinn.

Sherpasti langs Stegsvatnet

Sherpasti langs Stegsvatnet

Den innerste delen inn under Stegen og inn til Årdalskupa er i utgangspunktet sopass god at her er det ikkje gjort noko. Der er og eit parti omlag 200 m innanfor nausta der ein ikkje har gjort noko med stien. Her går det snøfonn kvar vinter, og fonna vert liggande langt ut over sommaren. På ein sliki plass er det rett og slett ikkje noko poeng i å gjere tiltak.

Til slutt jobba sherpa'ane med stien opp siste kneika opp til Stegsvatnet/Stegsskaret. Her blir det lagt trappetrinn opp gjennom steinura. Her var det tidlegare litt vanskeleg og skummelt å gå, særleg når steinane var glatte og med tung sekk på ryggen.
Sherpasti langs Stegsvatnet

Verneområdeforvaltninga er veldig fornøgd med dette tiltaket! Dei 4 sherpa'ane frå Nepal har gjort ein veldig god jobb, og er både raske og dyktige i arbeidet sitt! Vi er og særs nøgde med det gode samarbeidet med grunneigarane i Årdalen. Tett dialog og godt samarbeid med ei lokale er heilt naudsynt for at eit slikt tiltak skal bli vellukka og ikkje minst når det gjelder å legge til rette for arbeidarane.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:23.07.2013 Sist endret:12.10.2017)