Skjøtsel på Arnestadstøylen

Arnestad Grunneigarlag har siste åra drive med slått på Arnestadstøylen. Dette skjøtselstiltaket vert gjennomført for å halde støylen ryddig og fin, men og for å ta vare på den vegetasjonen som vert skapt av beiting og slått på slike stader.

Skjøtsel er viktig i kulturlandskapet. Det er gjennom bruk og drift at kulturlandskap vert skapt og slik det vert halde i hevd. Tidlegare var dette ein naturleg del av drifta, enten gjennom slått som var naudsynt for å få nok for, eller gjennom beitedyr. No er det færre beitedyr og slått skjer mykje meir effektivt på dyrka mark. Skal ein halde kulturlandskapet i hevd må ein derfor gjere slike tiltak som dette.

Verneområdeforvaltninga ser særs positivt på slike tiltak. Kulturlandskapet og særleg støylsmiljøa er ein viktig del av verneføremålet i Naustdal-Gjengedal. Verneområdestyret prioriterer derfor skjøtsel høgt når dei skal planlegge tiltak.

Arnestadstøylen er eit av dei finaste støylsmiljøa i landskapsvernområdet, og grunneigarane på Arnestad gjer ein flott jobb med å halde støylen fin og i hevd.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:01.12.2015 Sist endret:12.10.2017)