Snøskuterløyve til Årdalskupa i Jølster

Bjørn Årdal har fått løyve til å transportere forsyningar, utstyr og material til hyttene i Årdalskupa.

Løyvet gjeld for tre turar kvart år og gjeld i tre år. Føremålet med løyvet er å frakte proviant, ved, gass og andre forsyningar inn til hyttene. Det kan og fraktast materialar og utstyr til vedlikehald av hyttene, og saltsteinar til beitedyr.

Det ligg vilkår til løyvet om mellom anna å ta omsyn til dyreliv og turfolk, og å ikkje køyre på søndagar og heilagdagar. Løyvet er gjeve som eit delegert vedtak av verneområdeforvaltaren på vegner av verneområdestyret.

PS: Både dette vedtaket og andre vedtak som vert fatta av verneområdestyret, kan de finne ved å søke på Naustdal-Gjengedal verneområdestyre i Miljøvedtaksregisteret.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.02.2015 Sist endret:12.10.2017)