Snøskutersesong

I desse dagar er det greie forhold for å køyre snøskuter i fjella, og det er derfor høgsesong for transport av saltsteinar og transportar til hytter og støylar.

Skal ein køyre snøskuter inne i eit verneområde krev det vanlegvis eit løyve frå forvaltningsstyresmakta. Korleis ein søkjer om det kan ein sjå her.

Uansett om ein skal køyre snøskuter inne i eit verneområde eller utanfor, so er det viktig å sette seg inn i og følgje dei generelle reglane for skuterkøyring. Dette er generelle reglar frå vegtrafikklova med meir, som verneområdeforvaltninga ikkje har bestemt, men som likevel sjølvsagt skal følgast.

  • Snøskuteren skal vere registrert, ha skilt, og vere i forskriftsmessig stand
  • Vognkort og førarkort som dekkar klasse S (eller tilsvarande) skal vere med
  • Det er sjølvsagt forbudt å køyre med promille over 0,2
  • Køyrelys skal vere tent under køyring
  • Føraren (og eventuelle passasjerar) skal bruke godkjent hjelm.

Det er politiet og statens naturoppsyn som held tilsyn med desse reglane. Dersom ein vert kontrollert må dette vere i orden. Brot på reglane vil føre anmelding og truleg bøter på fleire tusen kroner.

I tillegg må den som køyrer sørge for å ha løyve frå grunneigar, og eventuelle skriftlege løyver frå verneområdeforvaltning og kommune skal vere med.

Andre tåd og retningslinjer:

  • Ta omsyn til turfolk og andre brukarar av utmarka
  • Villreinen går inn i ei sårbar tid. Ta omsyn til den, køyr ikkje for nær!
  • Ha med naudsynt utstyr i tilfelle du køyrer deg fast eller får havari på scooteren. Spade bør alltid vere med. Ein bør og ha med kle og utstyr til å kome seg heimatt (ski eller truger) dersom uhellet skulle vere ute.

 

God tur, og køyr forsiktig!

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.03.2015 Sist endret:12.10.2017)