Søknader om motorferdsel, og søknad om flytting av bygning

Det har kome inn to søknader om motorferdsel i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. I tillegg har det kome inn ein søknad om å flytte ein bygning. Alle sakene vert lagt fram for verneområdestyret på styremøte 2/13, som vert onsdag 3. april.

Indre Sunnfjord turlag har søkt om eit fleirårig løyve til å fly forsyningar, varer, ved med meir inn til Longevasshytta. Dei søkjer om inntil 5 hiv per år. Rute for flyginga er frå Legestølen i Årdalen, via Årdalskupa og inn til Longevasshytta.
Det er i følge verneforskrifta ikkje forbode å fly over Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, men man må ha løyve for å lande (eller droppe last).

Joar Eide har søkt om løyve til snøskutertransport til bua si som ligger i Vasskaret inst i Helgheimsdalen på Jølster (sjå bilete). Eide har og søkt om løyve til å flytte utedoen ved bua 20 meter frå der den står i dag, grunna lokale snøforhold.

Alle sakene kjem opp i styremøte 2/13 som Naustdal-Gjengedal verneområdestyre skal ha onsdag 3.april på Sandane.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.03.2013 Sist endret:17.08.2017)