Spor etter jerv i Naustdal-Gjengedal LVO

Dei siste vekene er det dokumentert fleire spor etter jerv i Naustdal-Gjengedal. No er det påske, og mange skal ut i fjellet på skitur. Statens naturoppsyn vil gjerne ha melding og bilete  dersom nokon kjem over spor etter jerv.

I slutten av mars vart det dokumentert spor etter jerv i Årdalskupa i Jølster. No i helga vart det igjen dokumentert spor etter jerv, denne gongen mellom Vonagarden og Vonastølen i Naustdal. Truleg er dette same individet.

Statens naturoppsyn ynskjer å få melding om spor og ev. prøvar av ekskrement som ligg i samanheng med eit spor.

Korleis ta gode sporbilde:

  • Ta mange bilde!
  • Bilde av sporavtrykk med referanse. Ta bilde av spor med noko som har kjent målestokk. Eksempelvis briller, hanskar, snusboks eller hue.
  • Bilde av sporrekke med referanse. Få med heile sporrekka og legg ved noko som har kjent målestokk. Eksempelvis skistav eller ski.
  • Registrer posisjon om du har med GPS eller mobil med kartfunksjon.

 

Sporavtrykk etter jerv

Sporrekke jerv

 

Innsamling av ekskrement:

  • Om ein kjem over jervespor kor der ligg ekskrement er det ynskjeleg at dette blir samla inn.
  • Ta eit par bilde av ekskrementet og sporet i lag.
  • Registrer posisjon om ein har høve til det.
  • Det er viktig at prøva ikkje blir forureina av anna biologisk materiale. Ikkje bruk fingrane! Bruk pinne, kniv eller anna. Det enklaste er å vrenge heile lorten inn i rein brødpose og ta den med heim.
  • Legg den i frysen når du kjem heim og kontakt SNO.

 

Jerveskit

Tips til påsketuren. Ta med eit par reine brødposar, eit målband og kamera.
Kjem du over noko interessant vennleg kontakt.

SNO Sandane
Rune Holen
Mobil: 97 59 51 02
E-post: rune.holen@miljodir.no

Alf Erik Røyrvik (Publisert:10.04.2017 Sist endret:17.08.2017)