Studentar skal lage skjøtselsplan for støylar i Naustdal-Gjengedal

Grunneigarar på Dalsbøen orienterer for studentar og rettleiarar frå Høgskulen på Vestlandet om dagens og tidlegare tiders bruk av støylsområdet.
Grunneigarar på Dalsbøen orienterer for studentar og rettleiarar frå Høgskulen på Vestlandet om dagens og tidlegare tiders bruk av støylsområdet.

Tysdag 15.august var studentar frå høgskulen i Sogndal på synfaring i Traudalen og i Langedalen, saman emd forvaltning og grunneigarar. Studentane skal lage skjøtselsplanar for støylane Arnestadstøylen, Fitjestøylen og Dalsbøen som ein del av utdanninga si.

Dei fire studentane studerer Landskapsplanlegging ved Høgskulen på Vestlandet. Dei tar no fatt på tredje året på studiet og skal skrive bacheloroppgåve som ein del av den treårige bachelorgraden. Verneområdeforvaltninga ser det som ein vinn-vinn-situasjon å få med studentane på laget i dette arbeidet. Vi får utarbeida forslag til skjøtselsplanar og studentane får reelle problemstillingar å jobbe med.

Kva er eigentleg ein skjøtselsplan?
Skjøtsel er å skjøtte eit område eller ein førekomst slik at ein tek vare på den. Ofte er det snakk om å ta vare på kulturlandskap, og det er det vi snakkar om her og. Støylsmiljøa og kulturlandskapet rundt støylane er ein viktig del av verneføremålet for landskapsvernområdet. Ein skjøtselsplan skal fortelle korleis ein skal ta vare på desse områda. Kva verdiar skal ein ta vare på, kva er truslane mot desse verdiane og kva tiltak bør settast i verk. Her kan ulike tiltak vere aktuelle, som rydding av skog og kratt, slått, beiting med meir.

Dei fire studentane skal jobbe i grupper. To av dei skal jobbe med Dalsbøen, og to av dei skal jobbe med Arnestadstøylen og Fitjestøylen. Etter synfaringa på tysdag hadde vi eit informasjonsmøte der studentane fekk møte grunneigarar på dei respektive støylane. Det er heilt avgjerande for studentane å få informasjon frå dei lokale om korleis støylane har vore brukt og vert brukt i dag. Det er og nyttig med gamle bilete og skildringar som kan seie noko om korleis støylane har sett ut tidlegare.

Støylsområdet Dalsbøen i Traudalen, Gloppen

Her kan de lese om linja som studentane studerer på: https://www.hvl.no/landskap

Alf Erik Røyrvik (Publisert:17.08.2017 Sist endret:12.10.2017)