Styremøte 2/13 - 3. april 2013

Naustdal-Gjengedal verneområdstyre hadde styremøte den 3. april på Sandane. Der vart det handsama nokre søknader om motorferdsel og ei "byggesak". I tillegg vart det handsama nokre søknader om tiltaksmidlar og styret gjorde ei grov prioritering av dei tildelte midlane over bestillingsdialogen.

Joar Eide fekk løyve til å flytte utedoen ved bua si i Vasskaret på Jølster. Han hadde søkt om å få flytte den om lag 20 meter på grunn av lokale snøforhold. I tillegg fekk Eide løyve til å transportere forsyningar og utstyr inn til bua med snøskuter.

Indre Sunnfjord Turlag fekk løyve til å lande med helikopter ved Longevasshytta i sommar. Dei har behov for å frakte inn materialar og utstyr i samband med dugnad og vedlikehald av hytta, og forsyningar til drifta av hytta.

Risbotnen beitelag og Gjengedalsmarkja beitelag har fått løyver til å frakte ut saltsteinar med snøskuter. Løyva er innskrenka ein del i høve til søknadane, då det er snakk om køyring i det som er definert som kalvingsområde for villreinen, og det området som det er forventa at villreinen skal bruke no i vår. Særleg gjeld dette no i 2013, då vi er komen so seint på vinteren at vi er komne inn i den sårbare tida for reinssimlene.

Arnestad Grunneigarlag har fått støtte frå styret sine tiltaksmidlar til å drive skjøtsel på Arnestadstøylen i sommar. Svein Hjelmeset har og fått innvilga søknad om tiltaksmidlar, han vil kartlegge førekomstar av sjeldne plantar i landskapsvernområdet.

Protokollen etter styremøtet finn du på denne sida.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:09.04.2013 Sist endret:17.08.2017)