Styremøte i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Naustdal-Gjengedal verneområdestyre. F.v; Håkon Myrvang, styreleiar, Oddmund Klakegg, nestleiar, Iris Loftheim og Leidulf Rygg Bogstad. Ikkje til stades; Gunhild Berge Stang
Naustdal-Gjengedal verneområdestyre. F.v; Håkon Myrvang, styreleiar, Oddmund Klakegg, nestleiar, Iris Loftheim og Leidulf Rygg Bogstad. Ikkje til stades; Gunhild Berge Stang

Fredag 22.februar hadde Naustdal-Gjengedal verneområdestyre møte i Førde. Dette var årets første styremøte, der fordeling av tiltaksmidlar var ei sentral sak.

Det fyrste styremøtet for året vert som oftast lagt til rett etter at styret har fått tildelt tiltaksmidlar frå Miljødirejktoratet. Ei viktig sak vert då naturleg nok fordeling av desse. Naustdal-Gjengedal er tildelt kr 560.000 for 2019, som styret kan fordele på dei tiltaka som dei søkte om midlar til. Nokre av tiltaka vart ikkje prioritert av Miljødirektoratet grunna manglande forankring i forvaltningsplan eller anna planverk.

Verneområdestyret prioriterer i første omgang å gjere ferdig tiltak som vart starta i fjor, og då særleg trappene i Geitabykset. 

Protokoll etter møtet finn du her.

(Publisert:15.08.2019)