Styremøte i verneområdestyret

Fredag 11. mars skal det nye verneområdestyret for Naustdal-Gjengedal ha sitt første styremøte.

Først og fremst skal det nye styret konstituere seg. Styret skal velge leiar, nestleiar og eventuelt arbeidsutval. I tillegg kan styre seie litt om korleis dei skal jobbe og kva dei skal satse på den komande perioden.

Ei anna veldig viktig sak er prioritering av tiltaksmidlar for 2016. Midlane har auka ein del sidan i fjor, og Naustdal-Gjengedal har fått tildelt 550.000 kr til tiltak. Desse midlane kan brukast på den lista over tiltak som verneområdestyret sendte til Miljødirektoratet før jul.

I tillegg skal styret handsame ein del vedtakssaker og administrative saker.

Innkalling med sakliste og sakspapir finn du nedanfor her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:02.03.2016 Sist endret:17.08.2017)