Styremøte i verneområdestyret

Torsdag 30.mars hadde Naustdal-Gjengedal verneområdestyre årets første styremøte. På saklista stod mellom anna prioritering av tiltaksmidlar og byggesaker.

Naustdal-Gjengedal har fått 460.000 i tiltaksmidlar gjennom bestillingsdialogen for 2017. Desse vart prioritert og fordelt på ulike tiltak som vart sett opp i bestillingsdialogen i fjor haust. Mest midlar vart sett av til å gjere tiltak på stien til Ryssdalshornet, kor det i utgangspunktet vart sett av 300.000.

Verneområdestyret gav løyve til Risbotnen Beitelag og Dag Bakketun løyve til å sette opp ei gjetarhytte på Bakketun sin eigedom innanfor Risbotnen. Løyvet vart gjeve på visse vilkår, mellom anna at hytta skulle vere ulåst og at nøyaktig plassering av hytta skal finnast i samarbeid med villreininteressene og forvaltninga. 

Mardal og Fitje Sankelag fekk løyve både til å sette opp eit lite grindbygg ved Fitjestøylen, og å sette opp bruer lenger inne i Langedalen. Dessutan jobba styret med besøksstrategien for verneområdestyret.

Protokoll frå møtet finn de i lenka under her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:12.05.2017 Sist endret:12.10.2017)