Styremøte nr 2/15 i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Måndag 16.mars hadde verneområdestyret sitt andre møte for året. Mellom anna vart det bestemt korleis tiltaksmidlane for 2015 skal nyttast.

Naustdal-Gjengedal har fått 300.000 kr i tiltaksmidlar for 2015. Dette er ein nedgong frå i fjor, og med det held ein uheldig trend fram der vi får stadig mindre mindre midlar til tiltak i verneområda våre. Styret bestemte at midlane skal nyttast i tråd med prioriteringslista som vart sett opp før jul. Og at buføringsvegen i Traudalen skal gjerast ferdig.

I tillegg vart det handsama nokre motorferdselsaker. Ein søknad om landing på Sandfjellet med helikopter i samband med eit privat arrangement vart avslått. Dette vart grunngjeve med at eit løyve ville skape ein uheldig presendens for framtidige, liknande saker.
Jølster Røde Kors Hjelpekorps fekk løyve til å køyre ein kjentmannstur til Longevasshytta.

Protokollen kan de finne her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:23.03.2015 Sist endret:12.10.2017)