Styremøte nr 4/14 i Naustdal-Gjengedal verneområdestyre

Måndag 1. desember hadde verneområdestyret møte på Gloppen Hotell. Bestillingsdialog for 2015 og høyringsinnspela til forvaltningsplan var blant sakene som vart handsama.

Dette møtet var det fjerde og siste møtet i verneområdestyret i 2014. Fast sak på siste møtet for året er bestillingsdialog for det komande året. Bestillingsdialogen kan ein skildre som ei slags ønskeliste som styret set opp og sender til Statens Naturoppsyn sentralt i Trondheim. På den lista set styret opp kva tiltak som dei ynskjer midlar til neste år. I tillegg set dei opp venta kostnad og prioriterer mellom tiltaka. Alle tiltak skal ha unik prioritering.

Det vil alltid vere mange meiningar om korleis tiltaka skal prioriterast. Faktorar som her vert lagt vekt på er kor dyrt tiltaket er, kor stor nytten er, kor mange som vil ha nytte av tiltaket og kor relevant tiltaket er i høve til verneverdiar og verneføremål. I tillegg vil moment som stor lokal interesse for tiltaket og kor langt ein har kome i planlegginga verke inn på vurdering.

Den andre store saka på dette møtet var forvaltningsplanen. Høyringsfristen er no ute og det har kome inn mange gode innspel. Høyringsinnspela vart lagt fram for styret, som diskuterte dei ulike innspela og kom med føringar for kva som skulle inn i planen. Verneområdeforvaltaren vil no legge inn endringane i planutkastet, og so vert endeleg versjon lagt fram for styret på første møtet i 2015.

I tillegg til desse sakene handsama styret eit par byggesaker og nokre mindre administrative saker.

Protokoll etter styremøtet, og alle andre møta til verneomnrådestyret, finn de her.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:08.12.2014 Sist endret:12.10.2017)