Synfaring i samband med konsesjonssøknad for Gjengedal kraftverk

Verneområdeforvaltaren deltok på NVE si sluttsynfaring i samband med konsesjonssøknaden for Gjengedal Kraftverk, som gjekk føre seg tysdag 23.sept.

Det er Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) som søkjer om konsesjon til å nytte fallet frå Storevatnet i Gjengedalen til enden på lakseførande strekning i Gjengedalsgjølet, til kraftproduksjon. Norges vassdrags- og energidirektorat har hatt saka ute på høyring og i samband med det vart alle høyringspartane invitert med på synfaring. 

Med på synfaringa var det representantar frå turlag, grunneigarar, kommunen, fylkeskommune, Fylkesmannen, villreinnemnda med fleire, i tillegg til folk frå SFE og NVE. Totalt var det omlag 30 personar med på synfaringa. NVE informerte om prosessen og SFE informerte om sine planar. Ein konsulent frå Sweco var der og gjorde greie for fagrapportane dei har skrive om verknader for natur og landskap.

Denne saka gjeld både utbygging av kraftverk og ny kraftlinje. Dersom kraftverket skal byggast må det på plass ny kraftlinje for å få krafta ut.

NVE skal no ta med seg alle innspela som har kome i høyringa og på synfaringa og skrive ei innstilling som dei sender over til Olje- og energidepartementet (OED). Det er OED og Regjeringa som fattar vedtak i so store kraftsaker. 

Her ser vi utløpet av Dalevatnet kor det er planlagt ein terskel.
Utløp Dalevatnet

Alf Erik Røyrvik (Publisert:24.09.2014 Sist endret:12.10.2017)