Synfaring på Arnestadstøylen med Direktoratet for naturforvaltning

Onsdag 24. april hadde vi besøk frå Direktoratet for naturforvaltning i Trondheim. Line Novstad frå DN ville sjå på Arnestadstøylen og hyttene i området der i samband med forvaltningsplanen og saka som gjeld hytta til Kjell Arnestad.

Line Novstad er jurist på nasjonalparkseksjonen hos DN og jobbar med klagen som Fylkesmannen sendte inn på løyvet til utviding av Kjell Arnestad si hytte. I tillegg jobbar DN for tida med å gjere forvaltningsplanen for Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde klar for høyring. I samband med desse sakene ville Line sjå både hytta om området rundt med eigne auge, og ville gjerne komme på ei synfaring.

Praten går rundt bordet i hytta til Kjell Arnestad

Med på synfaringa var og Kjell Arnestad, Tom Dybwad frå Fylkesmannen, Ola Tarjei Kroken frå verneområdestyret og verneområdeforvaltar Alf Erik Røyrvik. Det er alltid nyttig i slike saker å komme seg ut i området og få sjå det med eigne auge. Ein får ei mykje betre innsikt då, enn ein får av å berre lese dokument og sjå på bilder.

Snøver ved hytta til Kjell Arnestad

Vi kunne kanskje vore meir heldige med veret denne aprildagen, men sånn er det no ein gang på våre trakter.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:26.04.2013 Sist endret:12.10.2017)