Ta omsyn til villreinen i kalvingstida

Det nærmar seg kalvingstid for villreinen. Då er den ekstra sårbar for uroing. I denne perioden er det viktig at folk som ferdast i fjellet tek omsyn til villreinen og ikkje uroar den unødig.

I Naustdal-Gjengedal er det ein villreinstamme på 80-100 dyr. I desse dagar førebur reinssimlene seg på kalving, og mesteparten av villreinsflokken har trekt inn i det området som dei brukar som kalvingsområde.

I tida før og under kalving er villrein veldig sårbar. Dersom simlene vert utsett for stress og uroing kan man risikere at simlene kastar fosteret. I ein sopass liten villreinflokk som vi har i dette området, er kvar einaste kalv viktig, og det vil vere veldig synd å miste kalvar.

Det er veldig fine forhold for skiturar i fjellet no, og vi skal ikkje vere redde for å bruke fjellet. Men man bør vere litt obs og halde augene opne etter villrein. Dersom ein skulle vere so heldig å sjå reinen, kan man sette seg ned å nyte synet på god avstand. Ta gjerne med kikkert på turen.

Dersom reinen oppheld seg der som ein har tenkt å legge turen, bør man prøve å finne ei rute der man kan gå rundt i god avstand til reinen.

PS: det er veldig fint om de melder i frå til verneområdeforvaltar om de observerer villrein i eller rundt landskapsvernområde.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:11.04.2013 Sist endret:12.10.2017)