Tildeling av midlar 2013 - bestillingsdialog og tiltaksmidlar

Naustdal-Gjengedal har fått tildelt midlar til bestillingsdialog og tiltaksmidlar for 2013. Totalt er det tildelt 550.000 kr. Nedanfor kan du sjå meir om korleis desse midlane er fordelt.

Kvart år får Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og alle andre store nasjonalparkar og verneområde, tildelt midlar til tiltak i og rundt verneområdet. Dette er midlar som Miljøverndepartemenetet får over statsbudsjettet, og som Direktoratet for naturforvaltning (DN) fordeler på tiltak og verneområde.

Mesteparten av midlane vert tildela over noko vi kallar bestillingsdialogen. Då melder kvart verneområdestyre inn dei tiltak det er behov og ønske om å få gjennomføer som kjem verneområde og brukarar til gode, og kva kvar tiltak vil koste. DN kan deretter sortere og prioritere blant desse tiltaka og deler ut midlar til dei prioriterte tiltaka. I 2013 har Naustdal-Gjengedal verneområdestyre fått ein samla pott på 450.000 som styret kan fordele på dei innmeldte tiltaka. Tiltaka som styra meldte inn er:
- Parkeringsplassar på Reinene og i Øygjord i Naustedalen
- Uttak av gran i og rundt landskapsvernområdet
- Produksjon av tregongar som kan leggast der stiar går over myr og fuktige parti
- Sti/krøtterveg i Traudalen
- Prosjektering av hengebru over Nausta ved utløpet av Vonavatnet
- Stien frå Vonavatnet til Nesstølen
Prioritering av midlane mellom tiltaka kjem opp som sak for styret på styremøtet 3. april.

Styret fekk tildelt noko mindre midlar enn det vart søkt om totalt, so det er ikkje sikkert ein får gjennomført og fullført alle tiltaka i år.
Det vart og søkt om midlar til beitegransking av villreinbeitet. I følge DN fins det andre kanalar som skal finansiere eit slikt tiltak.

Verneområdestyret har og fått tildelt 100.000 kr i tiltaksmidlar. Dette er midlar som styret kan bruke meir eller mindre fritt. Dette er særleg aktuelt til ulike behov og tiltak som måtte dukke opp gjennom året, eller som ikkje kan få gjennom bestillingsdialogen. Desse midlane kan søkast på gjennom heile året.

Sjå og denne sida om bestillingsdialogen.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:19.03.2013 Sist endret:12.10.2017)