Villreinsflokken observert ved Vardevatnet

Villreinflokken var i går på rabbane rett nord for Vardevatnet.

Eg telte minst 74 dyr. Det vil seie at flesteparten av dyra som har tilhold i Førdefjella villreinområde, er i denne flokken. Dette er då fostringsflokken, kor simlene som skal kalve seinare i vår har tilhold.
Dei siste åra har fostringsflokken hatt vinterbeite i dette området mellom Jardalen og Ryssdalen på seinvinteren. Om nokre veker vil dei truleg trekke først vestover og so sørover til kalvingsområda ved Stroevatnet.

Villreinen er sårbar for å verte uroa no i tida fram mot kalving. Ein bør derfor unngå å gå for nær innpå dei eller på annan måte uroe dei unødig. Observer dei gjerne på avstand.

Vi vil og oppfordre turfolk til å ha kontroll på hundar, helst ha dei i band. Ein laus hund i ein reinsflokk kan gjere stor skade. Ikkje sikkert den klarar å skade reinen direkte, men den kan stresse og jage simlene slik at dei kastar kalven.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:13.03.2014 Sist endret:17.08.2017)