Tiltak

Kvart år gjennomfører verneområdeforvaltninga ei rekke tiltak knytt til vedlikehald, skjøtsel og tilrettelegging. Styret for Naustdal-gjengedal landskapsvernområde søkjer om midlar frå sentrale styresmakter til ulike prosjekt. Vanlegvis er det SNO lokalt som gjennomførar eller administrerar gjennomføringa av desse prosjekta. Lokale organisjasjonar, bygdeservice-selskap eller grunneigarar er som regel sentrale i gjennomføring av prosjekta. 


(Publisert:28.11.2011 Sist endret:23.12.2013)

Bestillingsdialog

Bestillingsdialogen er ein årleg seanse som alle verneområdestyrer og alle fylkesmenn har med Miljødirektoratet og Statens naturoppsyn, der ein melder inn kva behov ein har for midlar og arbeidskraft i dei ulike verneområda.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:29.09.2015)

Tiltaksplan og planlagde tiltak

Ein tiltaksplan er ei slags liste over kva tiltak ein ynskjer å gjennomføre i og rundt verneområdet, og i tillegg opplysningar kring korleis tiltaket skal utførast, kven som har ansvar for det, kortid det skal gjerast og kor store kostnadar det vil føre med seg.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.12.2011 Sist endret:29.09.2015)

Gjennomførte tiltak

Her vil vi legge ut oversikt over kva tiltak som er gjennomført i Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:21.12.2011 Sist endret:29.09.2015)

Kva tiltak kan ein få støtte til?

Det blir brukt mange millionar på landsbasis til forvaltning og tiltak i verna områder. Det betyr at når eit område først er verna, so kan det løyse ut ein del statlege midlar til ulike typar tiltak i verneområdet. Her kan du lese litt om kva type midlar det er snakk om, og kva tiltak som er mest aktuelle å få tiltak til.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:26.07.2012 Sist endret:29.09.2015)