Kva tiltak kan ein få støtte til?

Det blir brukt mange millionar på landsbasis til forvaltning og tiltak i verna områder. Det betyr at når eit område først er verna, so kan det løyse ut ein del statlege midlar til ulike typar tiltak i verneområdet. Her kan du lese litt om kva type midlar det er snakk om, og kva tiltak som er mest aktuelle å få tiltak til.

Det er i hovudsak to typar midlar, eller to ulike "pottar", som er tilgjengelege midlar for tiltak i verneområda; Bestillingsdialogen med Miljødirektoratet og ulike kommunale midlar og fond.

Bestillingsdialog med Miljødirektoratet vert gjennomført kvart år. Då set styret for verneområdet opp ei liste over kva tiltak som dei ynskjer midlar til det påfølgande året og kor mykje tiltaket vil koste. Denne lista vert so sendt til Miljødirektoratet. Dei får ein viss sum med midlar over statsbudsjettet som dei fordeler ut til alle verneområda i landet etter desse listene som vert sendt inn. Ut på seinvinteren/våren vil kvart styre få tildeling ut i frå kor mykje pengar som kom over statsbudsjettet og kor gode tiltak som er satt opp på lista.

I bestillingsdialogen vert ofte konkrete/fysiske tiltak prioritert. Og ikkje minst tiltak som er med på å fremje verneverdiane. Det er her dei største midlane ligg.
Døme på tiltak ein kan få midlar til gjennom bestillingsdialogen:
- Skjøtselstiltak
- Fjerne uønska artar
- Tilrettelegging for friluftsliv
- Tilrettelegging for beitenæringa
- Informasjonsarbeid

Styret set opp si prioriteringsliste på seinhausten, og vil gjerne ha innspel og forslag frå grunneigarar og brukarar om kva tiltak som bør prioriterast. Innspel til tiltak bør vere styret om hende innan 1.oktober.

Kommunale midlar fins i ulike former i dei fleste kommunar. Kommunar kan ha næringsfond, friluftsmidlar, SMIL-midlar m.v.
For Naustdal-Gjengedal sin del so har dei 4 kommunane i lag eit fond på 10 mill.kr som vart tildela saman med vernet. Det er kommunane sjølve som styrer dette fondet.

Alf Erik Røyrvik (Publisert:26.07.2012 Sist endret:29.09.2015)