Verneområde

Botnafjellet (1572 moh) er det høgaste fjellet i Naustdal-Gjengedal.
Botnafjellet (1572 moh) er det høgaste fjellet i Naustdal-Gjengedal., Foto: Alf Erik Røyrvik

Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde vart verna ved kongeleg resolusjon 9. januar 2009. Landskapsvernområdet er på 394 km2 og ligg i kommunane Gloppen, Naustdal, Førde og Jølster.

 

Landskapsverneområdet er eit variert naturområde med innslag av både villmark og kulturlandskap. Verneområdet går frå omlag 60 meter over havet ved Breimsvatnet og heilt opp til 1572 moh. på Botnafjellet. Innanfor dette spekteret finn vi frodige dalar med stølar og kulturlandskap, brear, steile fjell, fiskevatn, fossar og elvar.   

Beitebruk er, og har alltid vore, ein viktig del av Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde og områda ikring. Desse fjellområda er kjende for å ha godt beuite for husdyr, og beitebruken har gjennom lange tider vore med å sette sitt preg på landskapet. Om lag 11.000 beitedyr vert kvart år sleppt inn i og rundt landskapsvernomr¨det.

Dette vakre fjellområde er mykje brukt til frilutsliv, vinter som sommar. Her går fleire merka stiar mellom dei ulike dalføra som går frå låglandet og strekker seg innover verneområdet. Midt inne i verneområdet i vakre omgjevnader, ligg Longevasshytta som er ei sjølvbetjent DNT-hytte. Fleire av dei merka stiane går inn til Langevasshytta.

Området er rikt på vilt og fisk og har vore i alle tider vore nytta til jakt og fiske. Både til matauke og til rekreasjon. Området har til og med sin eigen villreinstamme, som teller ca 80 vinterdyr.


Forskrift og regelverk

For Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde er det laga ei eiga forskrift der reglane for bruk og forvaltning av verneområdet er fastsett. I tillegg er det fleire andre lovar og forskrifter som og må takast omsyn til.

(Publisert:12.06.2012 Sist endret:25.07.2012)

Vernereglar i praksis

Mange er i tvil om kva som er lov å gjere og kva som ikkje er lov å gjere i eit landskapsvernområde. Der er ein del misforståelsar ute og går, og mange trur vernereglane er strengare enn dei faktisk er. Samstundes er det og nokre avgrensingar som ein bør vere klar over som er lett å gløyme. Her står litt kort om kva som er lov og kva som ikkje er lov i Naustdal-Gjengedal ...

Alf Erik Røyrvik (Publisert:26.07.2012)

Biletegalleri

Her kan du sjå ulike bilete frå heile Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde, og dessutan innfallsportar og områda rundt.