Om styrene

For nasjonalparkar, andre store verneområde og samanhengande verneområde skal forvaltning skje gjennom eit interkommunalt nasjonalparkstyre/ verneområdestyre, heretter omtalt som styret.

Styret skal syte for ei heilskapleg samla forvaltning av verneområdet/verneområda på tvers av administrative grenser innafor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta. Eit styre kan ha ansvaret for fleire geografisk nærliggjande store verneområde. Styret etablerast etter Naturmangfoldlova § 62, andre ledd tredje punktum.

Frivillig ordning

Ein føresetnad for å delegere forvaltningsmynde til eit styre, er at eit fleirtal av dei berørte kommunane ønskjer det. Dersom eit fleirtal av kommunane ikkje ønskjer lokal forvaltning, skal fylkesmannen vere forvaltningsstyresmakt. Styret veljast av kommunestyra og bør primært bestå av ordførarar, eller andre folkevalde i kommunen. I tillegg blir det oppnemnt politisk(e) representant(ar) for den/dei aktuelle fylkeskommunane, oppnemnde av fylkestinget. I område med samiske interesser skal i tillegg Sametinget oppnemne representant(ar). Graden av samisk representasjon blir vurdert ut i frå området sin betydning for samisk kultur og næringsutøving.

Sekretariat

Sekretariatet for styret leggjast til ein nasjonalparkforvaltar/verneområdeforvaltar, heretter kalt forvalter. Denne skal sikre god kontakt med og kunnskap om lokalmiljøet. Forvaltaren blir tilsett av fylkesmannen, men er underlagt styret i forhold knytt til verneområdeforvaltninga. Det er føresett god dialog mellom fylkesmannen og styret i tilsetjingsprosessen.

For å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning skal forvaltaren vere ein del av – og kunne nytte – det samla kompetansemiljøet hos fylkesmannen. Forvaltaren skal ha god naturfagleg kompetanse og skal leggje opp til at forvaltninga skjer i samsvar med internasjonale plikter, naturmangfaldlova og verneforskrifta. Kunnskap om bl.a. samisk kultur er derfor viktig i dei områda det er relevant. Tilrådingane forvaltaren legg fram for styret må liggje innanfor ramma av naturmangfaldlova og verneforskrifta. Forvaltaren skal bidra til einskapleg forvaltningspraksis uavhengig av administrative grenser og må ha god kontakt med alle berørte kommunar.

Forvaltningsknutepunkt

Det byggast opp lokale/regionale faglege fellesskap knytt til nasjonalparksentre/andre typer naturinfosentre hvor forvaltaren samlokaliserast med andre fagpersonar tilknytta verneområdet, t.d. personell fra Statens naturoppsyn, naturrettleiarar, personar med kulturhistorisk fagbakgrunn m.m. Fjellstyra kan òg vere aktuelle partnarar i eit slikt fagleg fellesskap. Ei fagleg samlokalisering vil legge grunnlag for ei kunnskapsbasert forvaltning og vil bidra til utvikling av viktige kompetansemiljø i lokalsamfunna.

Administrative fagutval

I nokre område kan det òg opprettast eit administrativt fag-/kontaktutval beståande av representantar frå dei ulike kommunane for å formalisere forvaltaren sin administrative kontakt mot kommunane og samordning i forhold til kommunal forvaltning elles. Dette kan bl.a. vere viktig for å etablere kunnskap om forvaltninga også i kommuneadministrasjonen og bidra til lokalkunnskap i forvaltaren sin innstilling til styret.

Rådgjevande utval

Forvaltning av nasjonalparkar og andre store verneområde krev samhandling mellom mange aktørar. Det må derfor leggjast til rette for eit godt samarbeid mellom forvaltningsstyresmakta, offentlege organ, grunneigarar, næringsliv, frivillige organisasjonar, bl.a. natur- og miljøorganisasjonar, samiske interesser der det er relevant. osv. Berørte interesser bør derfor sitje i eit fagleg rådgivande utval oppnemnt av styret. Fagleg rådgivande utval bør ha minst årlege dialogmøte med styret og medforvaltaren. Slike nettverk kan òg vere ein styrke for den lokale forankringa. Ein får ein meir direkte medverknad frå dei aktørane eller befolkningsgruppene som har kompetanse og interesser innafor det området nettverket omfattar. Det kan òg gi meir effektive løysingar og få i gang prosessar som kjem lokalsamfunnet til gode. Faste dialogmøte mellom berørte partar og brukarinteresser vil sikre at alle berørte blir trekte med i forvaltninga.

Klagebehandling og høve til sanksjonar

Klima- og miljødepartementet vil vere klageinstans for vedtak fatta av styret, men slik at klagesaken førebuast av Miljødirektoratet. Fylkesmannen har klagerett på vedtak fatta etter naturmangfaldlova, jf. § 62. Det følgjer av dette at fylkesmannen dermed og har klagerett på vedtak fatta av styret.  Fordi forvaltning av verneområde handlar om å oppfylle nasjonale og internasjonale forpliktingar skal statlege styresmakter gripe inn dersom forvaltninga ikkje er i samsvar med naturmangfaldlova og formålet med vernet. Dette kan gjerast ved at staten instruerer styret og ved at delegert mynde eventuelt blir trekt tilbake.

(Publisert:28.02.2012 Sist endret:11.04.2014)