Villrein Foto: Jan StokstadVillrein Foto: Jan StokstadSterringen i Finndalen Foto: Kristine SørlieTrollveggen Foto: Øyvind LerenMot Gråhø Foto: Kjell StålevikPerlemorsommerfugl Foto: Kjell StålevikFjellsmelle Foto: Kjell StålevikFjellrype Foto: Kjell Stålevik Foto: Kjell StålevikUlvelav Foto: Kristine Sørlie Foto: Kjell StålevikLangfjelldalen Foto: Vegard LødøenFangstgrop med bægarmar Foto: Per Jordhøy

Reinheimen

- villmark med veidemannsspor

Reinheimen nasjonalpark ligg i det nest største inngrepsfrie området i Sør-Norge, og villmark pregar dette særs varierte fjellområdet. Dei høgste fjella i nasjonalparken reiser seg over 2000 m.o.h, medan det lågaste punktet ligg under Trollveggen ca. 130 m.o.h. I vest finn du eit dramatisk landskap - austover vert terrenget slakare med vidder og rolege flyer.

Her finn vi mykje av det opphavlege fjelløkosystemet med villrein, jerv, kongeørn, jaktfalk og ryper. Reinheimen er rik på kulturminne etter den gamle villreinfangsten. Her er fangstgroper, massefangstanlegg, bogestelle og restar av gamle buplassar til fangstfolka.

Galleri Reinheimen  



Nyhende

Norsk fjellsenter 18.aug: Skrantesjuke (CWD) hjå villrein

Foto: Kjell Stålevik

Bjørnar Ytrehus, Norsk institutt for naturforskning held foredrag om Skrantesjuke (CWD) hjå villrein, på Norsk fjellsenter i Lom fredag 18. august klokka 18-20.Det er gratis inngang, kaffi og biteti. Avgrensa tal på plassar – utdeling av billettar frå kl 17.30. Arrangør: Villreinnemnda for Reinheimen-Breheimen

(Publisert:18.08.2017)
Les mer

Styremøte i Valldal, 26.juni 2017

Nasjonalparkstyret for Reinheimen gjennomførte styremøte på Valldal Fjordhotell 26.juni 2017. Innkalling med sakliste og protokoll frå møtet ligg som PDF-dok. under.

(Publisert:21.06.2017 Sist endret:05.07.2017)
Les mer

Følg Reinheimen på facebook

Logo Reinheimen nasjonalpark

Nasjonalparkforvaltninga for Reinheimen har oppretta side på facebook. Vi ønskjer å kommunisere med folk som er interessert i det store fjellområdet som strekker seg frå Skaihø i søraust til Trollveggen i nordvest.Lik facebooksida til Reinheimen nasjonalpark

(Publisert:25.04.2017)
Les mer

Turapp Outtt.com

Langs elva Torda frå Billingen

Outtt.com har lansert turapp for Skjåk og Lesja med utvalde turforslag, både i og utanfor Reinheimen nasjonalpark. Forslag til turar, aktivitetar og opplevingar i Skjåk og Lesja er godt skildra med bilete og kart i appen. Kommunane driftar turappen, og har etablert god dialog med nasjonalparkforvaltninga, for å unngå ulemper for verneverdiar i sårbare område ...

(Publisert:25.04.2017)
Les mer

Møte i nasjonalparkstyret for Reinheimen 24.04.2017

Billingen i Skjåk er ein naturleg innfallsport til Reinheimen nasjonalpark.

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i møtet 24.04.2017 fordelt tiltaksmidla i Reinheimen for 2017. Innkalling med sakliste og protokoll frå telefonmøte ligg som pdf-dokument under.

(Publisert:25.04.2017)
Les mer

Styremøte på Lesja Bygdetun, 13.mars 2017

Vinterbeite

Nasjonalparkstyret for Reinheimen hadde sitt fyrste ordinære styremøte dette året, på Lesja Bygdetun 13.mars. Innkalling med sakliste og protokoll frå møte ligg som pdf-dokument under.

(Publisert:12.03.2017 Sist endret:20.03.2017)
Les mer
Vis nyhetsarkiv