Besøksstrategi

Med bakgrunn i auka besøk til våre naturområde er det bestemt at alle nasjonalparkar i Noreg skal ha eigne besøksstrategiar innan 2020, jf. Meld. St. 18 (2015-2016) om Friluftsliv. Ein besøksstrategi er ein plan for korleis forvaltningsmyndigheita vil handtere besøksforvaltning for verneområdet. Målet med besøksstrategien er å ivareta verneverdiane, auke forståing for vernet, gje besøkande gode opplevingar og bidra til lokal verdiskaping.

Reinheimen nasjonalparkstyre er i gang med besøksstrategi for Reinheimen. På denne sida vil vi legge ut relevant informasjon undervegs i prosessen.

Besøksstrategien skal vise kva tiltak som er nødvendige for å balansere verneverdiar, besøkande, brukarinteresser og lokal verdiskaping.

Besøksstrategien skal vise kva tiltak som er nødvendige for å balansere verneverdiar, besøkande, brukarinteresser og lokal verdiskaping.



Oppstartsmøte

I samband med besøksstrategien for Reinheimen vart det heldt eit oppstartsmøte i Lom 12.10.2017. På møtet deltok arbeidsutvalet for Reinheimen nasjonalparkstyre, administrativt kontaktutval, Reinheimen-Breheimen villreinutval, Norges nasjonalparkkommune- og landsbyar.

(Publisert:31.10.2017 Sist endret:08.11.2017)

Prosjektplan

Nasjonalparkstyret for Reinheimen vedtok 26.06.2017 Prosjektplan for besøksstrategi. Planen skal vera eit arbeidsdokument for arbeidet med besøksstrategien. Prosjektplan

(Publisert:20.10.2017 Sist endret:08.11.2017)