Styret og utval

Fjellrype i Karihøbotn (Foto: Nasjonalparkstyret)Reinheimen nasjonalparkstyre er oppnemnd av Miljøverndepartementet som forvaltningsmynde for verneforskrifta for:

  • Reinheimen nasjonalpark
  • Tafjorden-Reindalen landskapsvernområde
  • Trollstigen landskapsvernområde
  • Romsdalen landskapsvernområde
  • Lordalen landskapsvernområde
  • Finndalen landskapsvernområde
  • Ottadalen landskapsområde
  • Brettingsmoen naturreservat

Dokument som vert sendt inn til eller ut frå nasjonalparkstyret vert arkivert hjå Fylkesmannen i Oppland. Derfor er postadressa til nasjonalparkstyret den same som til Fylkesmannen i Oppland. Dette kvalitetssikrar arkivfunksjonen og gjer alle offentlege dokument knytt til nasjonalparkstyret tilgjengelege gjennom Offentleg elektronisk postjournal (OEP). Under er ein link til dokument som er knytt til Reinheimen nasjonalparkstyre siste månaden på OEP. Klikk på "endre søkekriterie" for å utvide eller innskrenke søket i tid.