Møtekalender


Møter for Reinheimen nasjonalparkstyre er opne, offentlege møte. Sekretariatet sender innkalling til styret i e-post med sakspapir i tillegg til at møtet blir offentleg tilgjengeleg på styret si nettside.

Etter møtet blir det ført protokoll som er tilgjengeleg på styret sine nettsider. Dette er grunnlag for utsending av melding om vedtak. Protokoll og melding om vedtak  vert og sendt på e-post til miljødirektoratet, Fylkesmannen og kommune som er involvert.

Alle vedtak frå 2014 er registrert i Miljøvedtaksregisteret. Dette er eit offentleg register for alle enkeltvedtak etter naturmangfoldlova, om verneområder, utvalde naturtypar, prioriterte artar, artsfredningar, felling av rovvilt mm. Alle vedtak etter 24.01.14 innafor verneområda Reinheimen nasjonalpark og landskapsvernområda Ottadalen, Finndalen, Lordalen, Romsdalen, Trollstigen og Tafjorden-Reindalen, er registrert i Miljøvedtaksregisteret.

Offentlege dokument kan og søkast opp via offentleg elektronisk postjournal (OEP).

MØTEPLAN FOR 2017:
Tysdag 7.februar: E-post behandling

Måndag 13. mars:  Lesja

Måndag 24.april: Telefonmøte

Måndag 26. juni
: Valldal

Måndag 18.september: Lom

Måndag 4.desember: Rauma

Møteplan vert lagt fram på styremøta for eventuelle justering av møtedatoar.
I tillegg vert det møte i AU-Reinheimen etter behov.