Lokalisering av ny forvaltar til Norsk Tindesenter

Norsk Tindesenter
Norsk Tindesenter, Foto: Kristine Sørlie

Miljødirektoratet har i brev 24.08.16 vedteke at den nye nasjonalparkforvaltaren til Reinheimen skal ha sin kontorplassering på Norsk Tindesenter i Åndalsnes. Fylkesmannen i Møre og Romsdal vert arbeidsgjevar til den nye forvaltaren. Det vert nå 2 nasjonalparkforvaltarar i sekretariatet til nasjonalparkstyret for Reinheimen, og både den faglege og administrative ressursen vert såleis styrka.

I brevet frå miljødirektoratet står det at den beste plasseringa av ny forvaltar, etter gjeldande kriteriar, hadde vore samlokalisering i Lom saman med den andre forvaltaren. Miljødirektoratet tek likevel omsyn til styret sitt ønskje om spreidd geografisk lokalisering av forvaltarane, som vil kunne bidra til å styrke legitimiteten til vernet, samt bidra til å nå eit større publikum.
Brevet frå miljødirektoratet 24.08.16 med grunngjeving, kan du lese i pdf.dokument nedanfor.
 
(Publisert:06.09.2016)