Nasjonalparkstyret innfører elektronisk søknadsskjema for motorferdsel

Elektronisk søknadsskjema for Reinheimen.
Elektronisk søknadsskjema for Reinheimen.

 

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i styremøte 18.09.2017 sak 37/17 vedteke å innføre elektronisk søknadsskjema og rapportskjema for motorferdsel.

Søknadsskjema med fristar skal bidra til meir oversikt for søkjaren. Ved at søknadene er inne i god tid før sesongen vil delegerte vedtak bli utstedt tidlegare og oppdragstakar vil få ein romslegare tidsperiode for gjennomføring av oppdraget.

Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Reinheimen. Verneforskriftene opnar for at forvaltningsstyresmakta kan gje dispensasjon til ulike formål etter søknad, på visse vilkår. Kva tiltak som kan søkast om går fram av forskrifta for det aktuelle verneområde; http://www.nasjonalparkstyre.no/Reinheimen/Dokumentarkiv/Verneforskriftene-i-Reinheimen/

Søknadsfrist er 1. desember for vintersesongen og 1. mai for sommarsesongen. Søknader som kjem inn etter tidsfristane blir behandla, men det må påreknast lang saksbehandlingstid. Etter gjennomført tiltak skal elektronisk rapporteringsskjema fyllast ut og leverast av tiltakshavar. Frist for innsending av rapportskjema er 5. juni for vintersesongen og 1. desember for sommarsesongen kvart år. Utfyllande informasjon og skjema finn du her; Søknadsskjema.

Ingvild Øyjordet (Publisert:13.09.2017 Sist endret:20.09.2017)