Skrantesjuke (CWD) hjå villrein - kva er det?

Foto: Kjell Stålevik
Foto: Kjell Stålevik

NINA og Norsk villreinsenter har produsert ein informativ animasjonsfilm som forklarar kva dyresjukdomen CWD er, og kvifor den er vanskjeleg å bekjempe. Sjå filmen på nettsida til villrein.no eller klikk her: Skrantesjuke - hva er det og hvordan smitter det?

Bjørnar Ytrehus ved Norsk institutt for naturforskning, hadde foredrag om Skrantesjuke (CWD) hjå villrein, på Norsk fjellsenter 18. august. Han er spesialist innan vilthelse og er en av dei som kan mest om skrantesjuke her i landet. Pr. i dag er det oppdaga seks tilfelle av skrantesjuke på hjortevilt i Noreg. Fire av dei er på villrein i Nordfjella. Det er derfor bestemt at ein skal skyte ned denne stamma. I Nord-Amerika har sjukdommen eksistert i fleire tiår. Sjukdommen liknar på skrapesjuke hjå sau og kugalskap (BSE) hjå storfe.

(Publisert:18.08.2017 Sist endret:06.09.2017)