Sekretariatet til nasjonalparkstyret for Reinheimen

Ingvild Øyjordet
Ingvild Øyjordet, Foto: Ulf Ryen

Sekretariatet til nasjonalparkstyret er styrka med ein forvaltarstilling til. Ingvild Øyjordet takka ja til stillinga som forvaltar med kontor på Norsk Tindesenter i Åndalsnes. Ingvild Øyjordet er utdanna naturforvaltar frå Universitet for miljø- og biovitenskap, og startar opp i stillinga kring 1.mars 2017.

Frå mars 2017 vert det to forvaltarar som i samarbeid utgjer nasjonalparkstyret sitt sekretariat. Forvaltarane er underlagt nasjonalparkstyret i forvaltninga av verneområda, men er tilsett hos fylkesmannen, som har det faglege og administrative ansvaret for nasjonalparkparkforvaltarane. Fylkesmannen i Oppland er arbeidsgjevar for Kristine Sørlie lokalisert i Lom, medan fylkesmannen i Møre og Romsdal er arbeidsgjevar for Ingvild Øyjordet lokalisert i Åndalsnes.

(Publisert:18.01.2017 Sist endret:06.02.2017)