Søknadsskjema motorferdsel

Nasjonalparkstyret for Reinheimen har i styremøte 18.09.2017 sak 37/17 vedteke å innføre elektronisk søknadsskjema for motorferdsel med søknadsfristar.

Motorferdsel er i utgangspunktet forbode i Reinheimen. Verneforskriftene opnar for at forvaltningsstyresmakta kan gje dispensasjon til ulike formål etter søknad, på visse vilkår. Kva tiltak som kan søkast om går fram av forskrifta for det aktuelle verneområde; http://www.nasjonalparkstyre.no/Reinheimen/Dokumentarkiv/Verneforskriftene-i-Reinheimen/  

Saker av kurant karakter, m.a. saker etter dei spesifiserte dispensasjonsføresegnene i verneforskriftene om ferdsel og motorferdsel, er delegert til nasjonalparkforvaltarane. Ved søknad om motorferdsel skal elektronisk søknadsskjema nyttast; 

Søknadsskjema

Søknaden skal sendast som vedlegg på e-post til; fmoppost@fylkesmannen.no
Frist for søknad i vintersesongen er: 1. desember.
Frist for søknad i sommarsesongen er: 1. mai.

Fleirårig dispensasjon kan gjevast.
Utfyllande informasjon går fram av skjemaet. Søknader som kjem inn etter tidsfristane blir behandla, men det må påreknast lang saksbehandlingstid.

Det blir gjort merksam på at løyve òg må hentast frå kommune og grunneigar.

Etter gjennomført tiltak skal elektronisk rapportskjema fyllast ut og sendast inn av tiltakshavar. Frist for innsending av rapportskjema er 5. juni for vintersesongen og 1. desember for sommarsesongen kvart år.

Rapportskjemaet finn du her; Rapportskjema

(Publisert:20.09.2017)