Finnabotnen Foto: Anbjørg NornesFiske i Torvedalen Foto: Anbjørg NornesHallsetdalen Foto: Nils KvammeTurveg til Solrenningane Foto: Anbjørg NornesÅlrekestølen Foto: Øistein AaslandFossesete i Arnafjorden Foto: Anbjørg Nornes

Stølsheimen

” «Brått skin sola…» - eit område med store kontrastar og lang historie”

 


Det særeigna for verneområdet er den store variasjonen i naturkvalitetar over eit stort areal med inngrepsfri natur. Overgangen frå fjord til fjell, frå grøderik fylitt til hard gneis, mange vatn, lange elvar og høge fossar gjev til saman ei rik naturoppleving.

I heile verneområdet er det spor etter tidlegare tiders utnytting av ressursane i fjellet.

 


Abonner på nyhende frå verneområdestyret: klikk her



Nyhende

Forvaltningsplan for Stølsheimen til godkjenning i Miljødirektoratet

Forvaltningsplan for Stølsheimen landskapsvernområde har vore ute på høyring, og Stølsheimen verneområdestyre godkjente forvaltningsplan på møte 30. november 2016. Forvaltningsplanen er sendt til endeleg godkjenning i Miljødirektoratet.

(Publisert:20.01.2017)

Stølsheimen verneområdestyre er konstituert for ny styreperiode

14. mars vart ny leiar og nestleiar valt i Stølsheimen verneområdestyre. Det nye styret er valt for perioden 2016 til 2019. Olav Turvoll, ordførar i Vik vart valt som ny leiar, og Sigbjørn Hauge, varaordførar på Voss, var valt som ny nestleiar. Dei andre i styret er Liv Anne Aanesen frå Modalen kommune, Frode Merkesvik frå Høyanger kommune, Karen Marie Hjelmeseter frå Sogn og Fjordane ...

(Publisert:18.03.2016 Sist endret:20.01.2017)

Elektronisk søknadskjema for motorferdsel

Søknad om motorferdsel i Stølsheimen landskapsverneområde kan no sendast elektronisk. Ved at du fyller ut skjema, vil forvaltninga få dei opplysningane som trengs for å behandla søknaden. Det vil gje ei raskare behandling av saka.  Elektronisk søknadskjema motorferdsel

(Publisert:10.07.2015 Sist endret:20.01.2017)

Stølsheimen verneområdestyre hadde møte 24. mars

På møtet fordelte verneområdestyret tiltaksmidlane for 2014. Styret hadde fått tildelt kr. 270 000 til tiltak som var prioritet i tiltaksplanen. I møteprotokollen ligg vedtak i alle sakene som vart lagt fram i møtet.

(Publisert:04.04.2014 Sist endret:20.01.2017)

Vik Røde Kors får løyve til kjentmannstur i verneområdet

Vik Røde Kors Hjelpekorps har fått løyve til å bruka snøskuter for kjentmannsturar i Stølsheimen landskapsvernområde. Møteprotokoll med vedtaka frå møte 12. februar er lagt ut på heimesida.

(Publisert:14.02.2014 Sist endret:20.01.2017)

Møte i verneområdestyret

Protokoll frå møte 8. januar i verneområdestyret er lagt ut, med vedtak om tiltaksplan.

(Publisert:14.01.2014 Sist endret:20.01.2017)
Vis nyhetsarkiv