Anbod - Murarbeid på sti i Stølsheimen

Stølsheimen verneområdestyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om murarbeid på sti i Stølsheimen landskapsvernområde.

Arbeidet krev særleg omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiane sidan arbeidet skjer innanfor landskapsvernområde, verna i medhald av naturmangfaldlova. Meir informasjon finn de under Konkurransegrunnlag og Kontrakt.

Tilbodsfrist er 14. mai 2020 kl. 23.59

Tilbod sendast på e-post til fmvlpost@fylkesmannen.no og merkast «Konkurranse murarbeid Stølsheimen»

(Publisert:29.04.2020)