Anbod - skjøtselsarbeid i Stølsheimen landskapsvernområde

Stølsheimen verneområdestyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om skjøtselsarbeid i Stølsheimen landskapsvernområde.

Arbeidet krev særleg omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiane sidan arbeidet skjer innanfor landskapsvernområde, verna i medhald av naturmangfaldlova. Meir informasjon finn de under Konkurransegrunnlag og Kontrakt.

Tilbodsfrist er 23. februar 2020 kl. 23.59

Vi ber om at interesserte registerer seg i Fylkesmannen sitt elektroniske konkurransegjennomføringsverktøy via denne lenka: https://eu.eu-supply.com/login.asp. Rettleiing for registering finn de her

Etter at du har registrert verksemda i det elektroniske konkurransegjennomføringsverktøyet, må du senda ein e-post til fmsfano@fylkesmannen.no og be om invitasjon til konkurransen.

(Publisert:06.02.2020)