Elektronisk søknadskjema for motorferdsel

Søknad om motorferdsel i Stølsheimen landskapsverneområde kan no sendast elektronisk. Ved at du fyller ut skjema, vil forvaltninga få dei opplysningane som trengs for å behandla søknaden. Det vil gje ei raskare behandling av saka. 

Elektronisk søknadskjema motorferdsel

Motorferdsel i verneområdet er i utgangspunktet forbode med nokre unntak. Stølsheimen verneområdestyre kan på nærare vilkår gje løyve til transport av mat, brensel og utstyr til turisthyttene, transport av materialar og utstyr i samband med bygging, transport i samband med jakt, og eller når særlege grunnar ligg føre (verneforskrifta punkt VI nr. 6).

Ta kontakt med verneområdeforvaltar om du har spørsmål.

(Publisert:10.07.2015 Sist endret:03.07.2017)