Ny kunnskap om bruken av Stølsheimen skal hentast inn i sommar

Sjølvregistereringskasse på Nese i Arnafjorden
Sjølvregistereringskasse på Nese i Arnafjorden, Foto: Anbjørg Nornes

Stølsheimen verneområdestyre ynskjer å vite meir om friluftslivet i og rundt Stølsheimen landskapsvernområde, og vil i sommar gjennomføre ei undersøking blant besøkande til området. Svara me får inn skal brukast når me skal lage besøksstrategi for landskapsvernområdet.

Målet med undersøkinga er å få ei betre oversikt over kven som bruker området, kor dei går og kva dei gjer, og ikkje minst; kva forventningar folk har til dømes til stimerking, klopping av blaute parti og informasjon. Dette vil gje styret eit betre grunnlag for å tilretteleggja til det beste for både folk, natur og verdiskaping i bygdene. No er sjansen for å delta og fortelje vernemyndet kva folk set pris på.  

På 11 ulike stader rundt Stølsheimen vert det utplassert såkalla sjølvregistreringskasser. På framsida av disse kassene er det ein plakat med oppmoding om å fylle ut eit kort inne i kassa. Ein kan delta både om ein har norsk, engelsk eller tysk som språk.

Lokale brukarar av Stølsheimen vert spesielt oppmoda om å delta i undersøkinga. Verneområdestyret er oppteke av at den lokale deltakinga blir størst mogeleg. Me ynskjer at området vert synleggjort like mykje av sauebonden som dei andre brukarane. Både jegerar, fiskarar, blåbærplukkarar, stølshuseigarar og DNT-turistar er like viktige. Kvar stad er ulik, og då trengs også ulik tilrettelegging, og det er dette me ynskjer meir kunnskap om.  

Sjølvregistreringskassene vert sett opp på innfallsportane rundt heile Stølsheimen. Nokon av kassene er plassert ut, og dei siste vert sett opp denne veka. Kassene er plassert i Storedalen i Ortnevik, Stølsvatnet i Modalen, Gullbrå i Eksingedalen, på Vikafjellet, i Arnafjorden for å nemna nokon.

Verneområdestyret har brukt mykje offentlege midlar på stiar og ferdselsvegar mange stader rundt i verneområdet. Målet har ofte vore fleirdelt; både tilrettelegging for friluftsliv, redusere slitasje og erosjon på terrenget, restaurering av kulturminne og som grunnlag for auka verdiskaping. Nokon område bør kanskje tilretteleggast betre, og andre bør ikkje tilretteleggast i det heile. Tilrettelegginga er ikkje utelukkande for turistar. I sommar skal til dømes to av buførevegane i Arnafjorden utbetrast på nokre stader. Her er det framkomsten for beitedyra som er viktigast. Med betre tilkomst for beitedyr i kulturlandskapet kan me lettare ta vare på dei flotte stølsområda i verneområdet.

Oppfordringa til brukarar av Stølsheimen er følgjande: Passerar du ei sjølvregistreringskasse i sommar, så fyll ut et kort! Då kan du være med og påverke den framtidige forvaltninga av det unike Stølsheimen landskapsvernområde.

(Publisert:03.07.2017)