Stølsheimen landskapsvernområde 30 år!

I anledning 30 års jubileet til Stølsheimen landskapsvernområde tek Nils Kvamme oss med på ei historisk reise frå før vernetidspunktet og fram til i dag. Han har vore med frå starten, som oppsynsmann, skjøtselsarbeider og aktiv brukar av Stølsheimen. Få kjenner Stølsheimen betre enn Nils. I denne artikkelen får du oppsummert høgdepunkta i landskapsvernområdet sin 30 år lange forvaltningshistorie.

Opprettinga

Stølsheimen landskapsvernområde kom til verda 21. desember 1990 i medhald av lov om naturvern av 19. juni 1970, ved Kronprinsregenten sin resolusjon, etter eit nær 30 år langt svangerskap. Tidleg på 1960-talet var interessekonflikten i Stølsheimen tydeleg; vasskraftutbygging mot friluftslivsinteresser. Dei framlagde utbyggingsplanane ville setje mellom anna både Solrenningane og Hallsetstølen under vatn. Diskusjonen gjekk heilt til topps i statsforvaltninga. Det endelege vernevedtaket fekk sjølvsagt blanda mottaking. Friluftslivsinteressene meinte for lite område vart verna, medan andre meinte grensene vart trekt for langt ned mot fjorden. Alt dette er solid dokumentert og detaljert fortalt i bøker og skrifter om Stølsheimen som område.

Stølen Solrenningane

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stølen Solrenningane. Vatnet til venstre i biletet sto i fare for å bli oppdemt. Foto:Anbjørg Nornes

Nyare historie

Dette store området mellom Eksingedalen og Sognefjorden var i stor grad nytta til tradisjonell stølsdrift; i kvart einaste dalføre og nesten på kvar einaste større avsats i hellinga mot Sognefjorden ligg ein støl. Mange svært gamle, andre relativt nyetablert og nokre berre eit svakt spor i terrenget.  Tidleg på 1900-talet var stølane framleis i drift og sette sjølvsagt sitt preg på landskapet i form av bygningar, kultivert vegetasjon etter omfattande beiting og vedhogst, og ikkje minst stiar mellom garden og stølen.

Sau

Foto: Anbjørg Nornes

Fritid og turisme er omgrep som vaks fram på slutten av 1800-talet, og ulike fjellområde vart «oppdaga» av den urbane del av befolkninga. For Bergen by sin del søkte turgåarar etter kvart mot nordvest inn i dette området med vide dalar, snaufjell og eit særprega fjordlandskap. Godt tilrettelagt for fotturisme med gamle opptrakka stiar inn i området, og tett med stølar der ein kunne få kjøpt enkel mjølkemat og kanskje få tak over hovudet.

 

Namnet

Fotturismen organiserte seg raskt. Bergen turlag (BT) vart skipa i 1947 etter ein fusjon mellom to organisasjonar i Bergen. Ivrige føregangsmenn såg potensialet for tilrettelagt fotturisme i dette området, som enkelt let seg nå via Modalen og Eksingedalen, eller frå sognesida; Ortnevik, Arnafjord og etter kvart Vikafjellet.

Men området må ha eit namn. «Steinslandsheimen» var alt i bruk for ein mindre del av området, etter innfallsporten Steinsland fremst i Modalen. «Stølsheimen» vart vedteke av styret i BT, dekkande for fjellområdet frå Vikafjellet til Matrefjella, frå Sognefjorden til Vossovassdraget. (Namnet «Steinslandsheimen» vart hengande ved eitt av stølshusa på Instestølen, som no ligg på botnen av Stølsvatnet (584-547)).

Då er det naturleg at landskapsvernområdet fekk tilnamnet Stølsheimen. Namnet gir gode assosiasjonar; både «støl» og «heim» er ord vi i dag blir i godt humør av. Det er riktig å nemne at den tradisjonelle stølsdrifta var arbeidskrevjande og gav nødvendigvis ikkje berre gode opplevingar for dei som var involvert. Ulukker med folk og fe hende også. Men uansett; eit namn å vera stolt av.

 

 

For 30 år sidan

Nils Kvamme

Forvaltningsansvaret for verneområdet var i starten delt mellom fylka Sogn og Fjordane og Hordaland og fylkesmennene sine respektive miljøvernavdelingar utøvde forvaltninga. Til å springe rundt for å sjå at alt gjekk riktig føre seg i det daglege, engasjerte forvaltninga i juni 1991 underteikna som oppsynsperson. 367 km² å passe på, til fots. Mobiltelefonen vog 4,1 kg og tex-kleda var ikkje på marknaden, men det fungerte. Det var eit utal grunneigarar å læra å kjenna. Prosessen fram mot vernevedtaket var for mange av desse slik at dei i etterkant gjerne ville få avklart og diskutert praktiske høve, eller berre få sagt si hjartans meining om naturvern, fylkesmenn, sakshandsamarar, og oppsyn, og då var det greitt å møta oppsynet ute i det fri. Der er talen også meir fri. Læringskurven var bratt for begge partar, og som regel kom noko positivt ut av samtalen. Felles for forvaltning og grunneigar var jo trass alt ynskje om å ta vare på naturen. 

Året før, i 1990, starta prøvedrifta etter talk på Tausavollane ved Raudberg. Dette var det gitt opning for i verneforskrifta. Nokre år seinare starta ei større kraftutbygging i Tuledalen, som det også var gitt unntak for i verneforskrifta. Desse tiltaka gjorde det vanskeleg å forsvare avslag på søknad om relativt små tiltak, i prinsipielle diskusjonar.

 

 

Rådgjevande utval

Midt på 90-talet vart Rådgjevande utval organisert, med representantar frå kommunane, grunneigarane og aktuelle interesseorganisasjonar. Årlege møte med forvaltninga over to dagar på ei av dei 7 turisthyttene i verneområdet, gav lange og gode diskusjonar om det meste. Særleg grunneigarane drog i byrjinga etterlengta nytte av denne nære dialogen med forvaltninga.

 

Statens naturoppsyn

Etter opprettinga av Statens naturoppsyn (SNO) i 1995 vart fylkesmannen si oppsynsordning gradvis avvikla. Oppsynet i Stølsheimen vart frå 2005 organisert og utført av SNO med underteikna som tenesteytar, med arbeidsoppgåver også utanfor verneområdet. I tillegg til ei generell kompetanseheving var det no ein formell fordel at oppsynsarbeidet ikkje vart utført av forvaltninga åleine.

Stølsheimen har ikkje vore arena for dei mange eller store lovbrota. Informasjon til publikum, tilsyn med jakt, motorisert ferdsel og bygging er den største oppsynsaktiviteten. Då nasjonalt forbod mot blyhagl kom i 2005 vart landets fyrste beslag av ulovleg hagl gjort nettopp i Stølsheimen. Oppsynet fungerer.

 

Området legg på seg

Frå starten var innmarka og området rundt Finnen halde utanfor verneområdet. Etter vel 10 år med vern såg grunneigarane i Finnafjorden det som ynskjeleg å bli innlemma i verneområdet. Då kunne dei betre ivareta interesser for eigedomane sine, særleg med omsyn til turistnæring. I 2005 var heile Finnafjorden med, -verneområdet vart både større og rikare!

Finnabotnen, inst i Finnafjorden. 

Vegetasjonen

Kulturlandskapet, eller restar og spor etter dette, er ein viktig del av føremålet med vern av Stølsheimen. Dette er i hovudsak anlegg knytt til stølane samt vegetasjon kultivert av beitedyr. Stølshus og til dels omfattande murverk på stølsvegane er typiske kulturminne. I tillegg kjem ymse steinmurar for å hindra beitedyr i fri vandring, og restar etter fangstgroper. Frå starten i 1990 var ikkje skjøtsel av vegetasjonen noko stort tema; stølane låg som dei låg og slik var det berre. Der det var bra med beitedyr var stølsvollen grøn og fin, andre stader var det meir einer og kanskje nokre småbjørker. Nokre få stølar i låglandet var blitt til skog. Området kring turisthytta ved Solrenningane var prega av enkelte bjørkekratt. Likevel: oppsynet tykte det var dumt at selbøen på Fossesete var tilvaksen med 3 m høgt einerkratt. Forvaltninga gjorde avtale med grunneigarane og ryddinga tok til. Stølshuset vart også reparert. Resultatet er veldig bra! (Bjørkeskogen står no stor kring Solrenningshytta.)

Fossesete gamalt bildeFossesete

Fossesete før og etter rydding. Gamalt foto: Hordaland Fylkeskommune. Nytt foto: Nils Kvamme. 

I etterpåklokskapens tindrande klare lys, ser vi at endringar i vegetasjonen kan gå fort når naturen får ta styringa, men samstundes så langsamt at vi ikkje alltid registrerer endringa. Ikkje før vi ser på eit «gamalt» bilete. 

 

Stølsrapporten

Forvaltninga kartla i 2009 alle dei over 50 stølsrelaterte lokalitetane, med vekt på bygningar og vegetasjon, for betre å sjå utviklinga. Ut frå rapporten vart eit meir systematisk skjøtselsarbeid igangsett etter prioriteringsliste. Dei siste 10 åra er resultatet at fleire stølar som var på randen til attgroing er opna opp. Stølsvegar er utbetra med ny muring,  og gamle murar er restaurert. Ved rydding på heimastølen Botnadalen i Finnabotn i 2020, vart det felt store bjørketre midt på selbøen. Ved aldersregistrering synte det seg at dei var frå 25-30 år. Altså tok attgroinga på denne stølen til då verneområdet vart oppretta, og den har fått gå sin gang, heilt til no.

Botnastølen gamalt bildeBotnastølenBotnastølen

Botnastølen rydda fram igjen i 2020. Gamalt foto: Hordaland Fylkeskommune. Nye foto: Nils Kvamme. 

Styret tek styringa

Fram til 2011 var det fylkesmannen som forvalta verneområda. I 2011 vart det innført nyordning med eit breitt samansett og politisk valt styre for kvart større verneområde. Styret har tilsett forvaltarar med kontorstad nær verneområdet. Saman med rådgjevande utval, utgjer dette no eit lokaldemokratisk forvaltningsorgan der fleire aktørar i verneområdet i større grad kjem til orde gjennom god dialog. I det heile er ressurstilgangen til forvaltning ein annan no enn i 1990!

Styret Ortnevik

Verneområdestyret og rådgjevande utval på befaring i Vassdalen i Ortnevik i 2019. Foto: Jorunn Vallestad

Ny generasjon

Ofte blir 30 år sagt å vera eit generasjonsskifte. Grunneigarane og andre interessentar i Stølsheimen er heilt klart komne dit no. Det er nye namn på blokka. Negativ folketalsutvikling i småbygdene kring Stølsheimen og omlegging i landbruket gjer sitt til endringar i bruken av verneområdet, og interessa for området endrar seg. Beitedyr forsvinn på ein stad og aukar på ein annan. Fritidsaktivitet på enkelte stølar er nesten borte, medan andre stølar får grundig restaurering. Alt går i bylgjer.

Dei som i stor grad engasjerte seg for vern av Stølsheimen går naturleg nok ikkje på stiane meir. No er det nye fjellvandrarar med nye utfordringar.

Sti

Stølsheimen er i dag eit populært turområde. Foto: Anbjørg Nornes

Klimaendringane vil ha mykje å sei for dette området med typisk vestlandsnatur, for her er det mykje ver. Vegetasjonen er i endring. Særleg bjørkeskogen er på full fart opp fjellsidene og inn dalane. Opne stiar og stølsvollar krev innsats.

Og vidare?

Eg vil vere her,

vere her lenge,

for å sjå, korleis det går…     (Sigrid Moldestad)

Fjella står der, dalen er like brei, fjellsidene like bratte. Forvaltninga er på plass, Bergen & Hordaland turlag har rekordhøge medlemstal. Lat oss tru dette går greitt og at alle finn sin plass. Ver ikkje redd for å bruka tid med Stølsheimen, der har du ein ven for livet.

Arnafjord, 14. desember 2020

Nils Kvamme

(Publisert:16.12.2020 Sist endret:11.02.2021)