Stølsheimen verneområdestyre er konstituert for ny styreperiode

14. mars vart ny leiar og nestleiar valt i Stølsheimen verneområdestyre. Det nye styret er valt for perioden 2016 til 2019. Olav Turvoll, ordførar i Vik vart valt som ny leiar, og Sigbjørn Hauge, varaordførar på Voss, var valt som ny nestleiar. Dei andre i styret er Liv Anne Aanesen frå Modalen kommune, Frode Merkesvik frå Høyanger kommune, Karen Marie Hjelmeseter frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Inger Ulvund frå Hordaland fylkeskommune.

Saker som var opp på møtet ligg på heimesida under styredokument. Her vert møteprotokollen lagt ut når den er godkjent.

(Publisert:18.03.2016 Sist endret:03.07.2017)