Tilbodskonkurranse, stiarbeid i Stølsheimen landskapsvernområde

Stølsheimen verneområdestyre inviterer interesserte tilbydarar til å delta i konkurranse om kjøp av tenester for istandsetting av buføresti i Hanekamdalen i Stølsheimen landskapsvernområde i 2019.

Arbeidet krev særleg omsyn til terreng, vegetasjon og verneverdiane sidan arbeidet skjer innanfor landskapsvernområde, verna i medhald av naturmangfaldlova. Meir informasjon finn de under konkurransegrunnlag, vedlegg.

Tilbodsfrist er 14. mai 2019 kl. 12.00

(Publisert:23.04.2019)