Vinnarane i fotokonkurransen er kåra!

I anledning 30. års jubileumet til Stølsheimen landskapsvernområde inviterte verneområdestyret til fotokonkurranse. Sjå vinnarbilda her! 

Interessa var stor for fotokonkurransen, og det kom inn godt over 200 bidrag. Ein jury beståande av styreleiar Sigbjørn Hauge, naturfotograf Arne Mala og verneområdeforvaltar og hobbyfotograf Astrid Bakke Haavik, har kåra 1., 2. og 3. plass i dei to kategoriane "Natur og landskap" og "Folk og aktivitet i naturen".

Her får du vinnerbilda presentert: 

1. plass Folk og aktivitet
Fotograf: André Marton Pedersen. Tittel: Morgenstund. Historie: Bo (12) på fisketur en tidlig morgen ved Selhamarvatnet.

Juryen sin vurdering: Eit nydelig bilete som verkeleg får fram kjensla av ein fisketur i Stølsheimen.

André Marton Pedersen - Morgenstund. Bo (12) på fisketur en tidlig morgen ved Selhamarvatnet.

 

2. plass Folk og aktivitet
Fotograf: Helge Sunde. Tittel: Skitur i uvær i Stølsheimen.

Juryen sin vurdering: Eit veldig flott komponert bilete som viser korleis skiturar kan arte seg på høgfjellet når det ikkje er strålande sol og vindstille.

2. plass Folk og aktivitet - Helge Sunde - Skitur i uvær i Stølsheimen

 

3. plass Folk og aktivitet
Fotograf: Andrè Marton Pedersen. Tittel: Fiskelykke

Juryen sin vurdering: Biletet strålar ut fiskelykke. Viser at området er tilgjengeleg for born.

André Marton Pedersen - Tittel: Fiskelykke

 

1. plass Natur og landskap
Fotograf: Eirik Blindheim - Solrenningane i Stølsheimen

Juryens vurdering: Eit fint komponert bilete som viser eit viktig stølsmiljø i Stølsheimen, Solrenningane.

Eirik Blindheim – Solrenningane i Stølsheimen

 

2. plass Natur og landskap
Fotograf: Gunnar Bergo. Tittel: Foss på stien opp til Vatnane

Juryen sin vurdering: Eit flott bilete av fossande vatn i vårsol, viser viktig vassdragsnatur i ein fin komposisjon.

Gunnar Bergo – Foss på stien opp til Vatnane

 

3. plass Natur og landskap
Fotograf: Helge Sunde. Tittel: Trær med rim i Solrenningane.

Juryen sin vurdering: Eit teknisk bra bilete som viser kjensla av ein gnistrande haustmorgon i fjellet.

Helge Sunde – Trær med rim i Solrenningane

 

Stølsheimen verneområdestyre takkar alle fotografar og juryen for innsatsen og bidraga i konkurransen! 

(Publisert:11.02.2021)