Tiltak og prosjekt

Slått på Solrenningane
Slått på Solrenningane, Foto: Nils Kvamme

 


 

Kvart år gjennomfører verneområdeforvaltninga ei rekkje tiltak knytt til vedlikehald, skjøtsel og tilrettelegging. Stølsheimen verneområdestyre søkjer om midlar frå sentrale styresmakter til ulike prosjekt. Vanligvis er det SNO lokalt og Fjellstyret som gjennomfører eller administrerar gjennomføringa  av desse prosjekta. Lokale organisasjonar eller grunneigarar er som regel sentrale i gjennomføringa av prosjekta.

(Publisert:28.11.2011 Sist endret:15.11.2013)

Oppstarta tiltak

Skilting er ein del av tiltaka.

Det er kvart år ei rekke tiltak som vert gjennomført i verneområda. Under er ei liste over prosjekt som er i gang. Tiltaka vert vurdert og prioritert av Stølsheimen verneområdestyre. Det kan vere vedlikehald og opprusting av infrastruktur, informasjonstiltak eller årleg skjøtsel. Finansiering av tiltak kan vere spleiselag mellom myndigheiter, organisasjonar og/eller private ...

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:14.01.2014)

Gjennomførte tiltak

Steinlegging av sti

Sidan opprettinga av verneområde med vedtaket av verneforskrifta 1990, har det vorte gjennomført og iverksett ei rekke tiltak og prosjekt i verneområdet. Under er nemnt to prosjekt som verneområdeforvaltninga har finansiert og styrt. I tillegg kjem fleire mindre tiltak eller prosjekt som er gjennomført av private eller frivillige organisasjonar. 

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:11.01.2013)

Planlagde tiltak (tiltaksplanar)

Når ein planlegg og vurderer nytt tiltak er det viktig at aktørar som grunneigarar, turlag, SNO og andre partar deltek i prosessen.  Her er det planlegging av vedlikehald av sti til Solrenningane.

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:14.01.2014)

Bestillingsdialog

Vedlikehald og restaurering av turvegar og stiar er viktige tiltak. Her er ei av bruene på stien mellom Alrekstølen og Solrenningane.

  Kvart år vert det løyvd midlar til tiltak i verneområda over statsbudsjettet. Ein eigen pott er avsett til tiltak i større verneområde. I samarbeid mellom SNO sentralt og DN, vert denne potten fordelt til dei ulike verneområdestyra. Kvar haust må kvart verneområdestyre søke om midlar til ulike prosjekt inn mot denne potten. Prosjekta skal vere positive for verneformålet og vere i ...

(Publisert:21.12.2011 Sist endret:11.01.2013)