Verneområde

Finnabotnen er ein av innfallsportane til Stølsheimen
Finnabotnen er ein av innfallsportane til Stølsheimen, Foto: Anbjørg Nornes

 

Føremåla med Stølsheimen landskapsvernområde: Føremålet med vern av Stølsheimen er å ta vare på eit særmerkt og vakkert vestlandsk fjell- og fjordlandskap med kulturminne, kulturlandskap og naturmiljø som er lite påverka av tekniske inngrep, samstundes som området skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske. 

Kvar:  Høyanger og Vik kommunar i Sogn og Fjordane fylke og i Modalen, Vaksdal og Voss kommunar i Hordaland fylke
Oppretta: 21. Desember 1990
Areal: omlag 377km2

Gjeldande plandokument:
Verneforskrift for Stølsheimen landskapsvernområde

Forvaltningsplan

Kart

 


 

Kulturminne og kulturlandskap: Landskapsvernområdet strekkjer seg frå fjord til fjell og omfattar både innmark og utmark,noko som gjev eit svært rikt utval av kulturlandskapstypar. Kulturlandskapet består av vegetasjon påverka av generasjonars bruk gjennom beiting, hogst og hausting, og bygningar og anlegg knytt til desse bruksmåtane. 37 synlege stølar med over 100 bygningar er ein viktig del av dette bildet.”

 (Forvaltingsplan)

Døme på andre kulturminne som er representerte i Stølsheimen:
• Dyregravene som vart nytta til fangst av reinsdyr (omlag 10 er godt synlege)
• Restar etter taubana som gjekk frå fjellstølen Hestfjellet på 950 moh og heilt ned til fjorden
• Spor etter gryteproduksjon i kleberstein i Gryteberg sør for Raud

• Inskripsjonar i kleberstein i Raudbergdalen der folk har rissa inn namnet sitt i over 100 år
• Steingjerde og murar
 

(Forvaltingsplan)

 

Naturmiljø:
Naturmiljøet i Stølsheimen er relativt lite påverka av store inngrep, om lag 94 % av landskapsvernområdet er inngrepsfritt naturområde. Det betyr at 94 % av området ligg meir enn 1 km frå næraste tyngre tekniske inngrep som veg, regulerte vatn, kraftline eller fast busetnad.

Andre artar som ikkje er truga, mensom  knyter saman kulturlandskapet med dagens bruk gjennom jakt og fisk,e er for eksempel rype, hare, rev, hjort og rein.

Det betyr og eit rikt dyreliv i området. Dette er leveområde også for nokre arter som er på den norske raudlista over trua og sårbare artar, m.a  kongeørn, havørn og kvitryggspett.

For å verne om  villreinen og bevare stilla i området er høvet tilmotorferdsle avgrensa,  og ein må søkje løyve for det, informasjon i forvaltningsplanet side 27 og skjemaet nedanfor. 


Du er gjest i landskapet:

  •  Gå kvar du vil, på beina eller på ski. Alt som har motor er i utgangspunktet forbode
  • Rast der du vil, og overnatt gjerne i telt. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim.
  • Du kan tenne bål, men hugs det generelle forbodet mot å brenne bål i skogsmark mellom 15. april og 15. september. Vis hensyn når du sankar ved.
  • Du kan plukke bær, matsopp og vanlege planter til eige bruk. Ta hensyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra hensyn i hekke- og yngletida.
  • Nytt  deg av høvet til jakt og fiske. Hugs jakt-/fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eitt anna.
  • Du kan ta med deg hund, men hugs bandtvang i perioden 1. april til 20. august.