Til startsiden

Åsdølar på reinsjakt

Artikkel i Åsdølen oktober 2019

 

Åsdølar på reinsjakt

Fram til slutten av 90-talet var villreinjakta ei viktig hending for mange Åsdølar. Dei seinare åra har det vore lite dyr under jakta i vår del av heia, og villreinjakta er i dag berre eit fjernt minne for dei fleste. Til dyra kjem att lyt vi søke dei opp. Første helga i september reiste sju unge åsdølar på opplæringsjakt til Statskog sitt terreng ved Såvatn i Valle. Tilbodet var i regi av verdiskapingsprosjektet i SVR og der Statskog stilte med instruktørar.

Oppmøte var ved fjellbutikken på Ådneram fredag ettermiddag. Her skulle dei siste godsakene handlast inn før ferda gjekk vidare inn til Svartevassdammen og ein halvtimes båttransport over magasinet. Trygt i land gjekk turen til fots inn til Statskog si hytte ved Såvatn. Allereie på vegen inn trefte vi på dyr men utan at det lukkast med felling. Eit flott syn var det uansett der storbukken i skumringa vandra kring simler og ungdyr.

På laurdag vart gruppa delt i to og sekkane lasta for ein dag i høgheia. Dyr var allereie observert frå hytta så her var det mange som hadde god tru. Det vart ein flott og lærerik dag for dei unge jegerane og der dei fekk føling med kva villreinjakta inneber med gåing, speiding, venting og meir gåing. Felling vart det også, ei simle og ein kalv vart felt i området nord-aust for hytta. Beringa var ikkje lang, men tungt nok når blaute myrer og djupe bekkar skal kryssast.

Sundagen starta med flåing og grovpartering av dei felte dyra. Her var det mykje å lære for den som vil ha med seg gode råvarer ned frå heia. Ei siste jaktøkt rakk vi også. Kikkertane vart nytta flittig men utan resultat denne dagen.

I haust var det ungdom i Åseral, Kvinesdal og Bygland som fekk tilbodet om opplæringsjakt. Målet er å bidra til å halde ein jakttradisjon levande blant ungdom som veks opp utanfor dei meir sentrale delane av villreinområdet Setesdal Ryfylke. Vi legg opp til at tilbodet held fram neste haust.

Ein stor takk til Kristian Eiken Olsen og Rolf Einar Nilsen i Statskog for ei fyrsteklasses innføring i villreinjakta sin gleder og prøvingar.

 

Jørn Haug

Verneområdeforvaltar SVR

(samt kokk, styrmann og fotograf)

 

(Publisert:11.10.2019)