Til startsiden

Feltdag med ungdomsskulen i Bygland

28. juni vart det arrangert feltdag for 9. klasse ved Bygland ungdomsskule. Turen gjekk til Fossebu ved Roskreppfjorden.

Her fekk elevane ei innføring om villrein, vegetasjonstypar i fjellet, navigering (kart og kompass)  samt proviant og utstyr på tur.

Veret spela godt på lag denne dagen på tross av ei lita snobyge på ettermiddagen. Om ikkje anna vart det eit godt døme på skiftande maiver i høgheia.

Feltdagen var i regi av verdiskapingsprosjektet i SVR. Inge Olav Fjalestad (skogbrukssjef i Bygland kommune) og Jørn Haug (verneområdeforvaltar i SVR) stod for det praktiske opplegget. Ein takk til 9. klasse ved Bygland skule for ein flott dag i fjellet. På bilete dei stolte vinnarane av «stjerneorienteringa». Premien var sjølvsagt kompass og kartmappe.

(Publisert:29.05.2019)