Til startsiden

Naturlostur til fjellgarden Pytten

Deltakere på naturlosturen til Pytten
Deltakere på naturlosturen til Pytten

Naturlostur til fjellgarden Pytten

I regi av verdiskapingsprosjektet i SVR vart det i 23. juni arrangert Naturlostur til fjellgarden Pytten i Bygland kommune.

25 personar var med på turen som starta med båtskyss på Langevatn på Ljosland og gjekk vidare på sti inn til Skothomen og Pytten.

Naturlos var grunneigar Jan Ove Pytten Flodquist og verneområdeforvaltar Jørn Haug . Undervegs fortalte grunneigar om livet på fjellgarden og korleis dei nytta ressursane i heia for å livberge seg.

Her var ikkje minst jakt på villrein ein viktig del av livsgrunnlaget. Den første busettinga på Pytten strekk seg heilt attende til 1775. I 1952 vart garden fråflytta og vert i dag driven av eigar busett på Ljosland i Åseral.  

 

Ein stor takk til Jan Ove Pytten Flodquist og kona Tone Astrid for deira bidrag denne dagen!

(Publisert:09.08.2019)