Til startsiden

Stor interesse for villreinmøte i Suldal 17. desember

Om lag 50 villreininteresserte møtte opp på villreinmøtet på Nesflaten.

Først orienterte Reidar Sandal frå Statens naturoppsyn om SNO si verksemd med jaktoppsyn og jervejakt. Han orienterte og om status for arbeidet med bekjemping av CWD sjukdommen på villreinstamma i Nordfjella.

Kveldes hovudtalar var villreinforskar Olav Strand frå NINA og Norsk villreinsenter. Han fortalte først om bestandsforvaltninga i Setesdal-Ryfylke villreinområde. Her la han fram resultat som viste ei positiv utvikling dei siste 20 åra med aukande andel kalvar, auke kalvevekt og fleire storbukk i bestanden. Olav Strand orienterte og om det pågåande arbeidet med ein kvalitetsnorm fro villrein og la fram nokre resultat frå sluttrapporten frå GPS prosjektet som vil være klar vinteren 2019.

Arrangør for møtet var SVR sitt verdiskapingsprosjekt "Kunnskapsformidling om villrein og villreinfjell".

(Publisert:20.12.2018)