Til startsiden

Forslag til forvaltingsplan for verneområda ved Hovden er sendt ut på høring

Verneområdestyret sender med dette forslaget til forvaltningsplan for Hovden landskapsvernområde, Vidmyr naturreservat og Lislevatn naturreservat ut på lokal og sentral høring.  Høringa er open slik at alle som ønskjer det kan komme med uttale.

Høringsfristen er sett til 31. desember 2016

Verneområdestyret ber om kommentarar og innspel på mellom anna følgjande tema i planutkastet:

  • Faktafeil, feil namnbruk m.v.
  • Tema som ikkje er tilstrekkeleg omtalt i forvaltningsplanen
  • Konkrete innspel på planen sine framlegg til forvaltningsmål, retningslinjer og tiltak

 

Fristen for å komme med uttale er sett til 31. desember 2016.

 

Du kan komme med uttale på følgjande måtar:

 

E-post:                                 alf.odden@svr.no

Brev:                                    Alf Odden, SVR, Sandsveien 11, 4230 Sand

Telefon:                              48044583 (Verneområdeforvaltar Alf Odden)

Personlig frammøte:       Verneområdeforvaltar Alf Odden vil ha open kontordag på Hovden grendehus torsdag 8. november kl 12.00-18.00.     

                                        Det blir skipa til eit ope folkemøte om forvaltningsplanen på Hovden Grendehus  kl 19.00.              

                                        Desse arrangementa vil og bli anonsert nærare etter kvart.                     

 

Etter høringsfristen vil verneområdestyret gjennomgå og samanfatte dei innkomne merknadane, og gjere naudsynte endringar i planen. Endeleg forvaltningsplan skal godkjennast av Miljødirektoratet.

 

Du kan få tilgang på forslaget forvaltningsplan på følgjande måtar:

 

Planen kan lastast ned elektronisk frå verneområdestyret sine nettsider www.svr.no under fana Forvaltningsplan Hovden.

 

Du kan få planen tilsendt på papir eller elektronisk ved å kontakte verneområdestyret ved:

Verneområdeforvaltar Alf Odden, e-post: alf.odden@svr.no, tlf: 48044583

 

Planen ligg og ute til gjennomsyn i Bykle kommune og på Bykle kommune sine nettsider

(Publisert:21.09.2016)